Lokalnytt

Billetterer reisande på turistferjene

Linn Marthe Myklebust Parr møter berre hyggelege folk i ferjekøa på Hellesylt.
Linn Marthe Myklebust Parr møter berre hyggelege folk i ferjekøa på Hellesylt.

Linn Marthe Myklebust Parr billetterer i ferjekøa på Hellesylt. Ho fortel om god trafikk på Verdsarvfjorden.

Fjord 1 skipa selskapet The Fjords som skulle trafikerer turistrutene til selskapet, mellom dei ferjeruta på Geirangerfjorden mellom Hellesylt og Geiranger. Også billettprisane vart skrudd kraftig opp før sesongstart i mai, noko mange frykta ville gå ut over trafikken.

Vi kjenner ikkje tal for trafikken på turistruta, men dei to turistferjene «Bolsøy» og «Veøy» fraktar mange reisande også denne sommaren.

Linn Marthe Myklebust Parr har sommarjobben sin som billettør også i år på ferjekaia på Hellesylt. Ho fortel om god trafikk, trafikken er om lag som tidlegare år, meinar ho. Det varierer sjølvsagt med veret, på fine dagar er trafikken større, som sist laurdag då stod det igjen bilar som ikkje kom med på 12.30-avgangen. Og det var ikkje fyrste gongen denne sommaren at det stod igjen bilar ved avgang.

Linn Marthe har heller ikkje fått reaksjonar frå turistane på at prisane auka frå i fjor til i år. Nesten ingen har snudd for å køyre ein annan veg når dei får presentert billettprisen, ho har møtt berre hyggelege folk som vanleg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380