Blanda besøk på Villa Norangdal
Hotelleigar Iris Fivelstad er godt fornøgd med besøkstala ved Villa Norangdal så langt i sommar. Ho har hatt gjestar frå mange kantar av verda.
Fjellfolket har ikkje gjort sitt inntog for fullt på Villa Norangdal enno. Men hotellet i Nibbedalen har hatt godt belegg av andre reisande og gjestane kjem frå ulike kantar av jordkloden, fortel hotelleigar Iris Fivelstad. I tillegg til gjestar frå Norge og andre land i Europa har det vore turistar både frå både Kina, Russland, Forente arabiske Emirater, og eit brudepar på bryllaupsreise frå Saudi-Arabia. Dei hadde med dadlar frå Medina som dei spanderte på oss, fortel ho.
På skitur etter jonsok
I media høyrer vi stadig om konfliktar mellom land og folkegrupper. På Villa Norangdal treng vi ikkje vaktmannskap i blå hjelmar for å passe på, hit kjem berre hyggelege folk, seier Iris i litt skjemtande ordelag.
No håper ho på mykje fint ver i august, det er ofte finaste månaden for turar i fjellet. Så langt i år har ein kald sommar med mykje snø i høgda gjort at skisesongen har vart lenge. Iris Fivelstad har aldri opplevd at folk har gått på ski til Blæja (Litlenebba)etter jonsok. Det skjedde i år, og til fjellet Slogen er det berre få som har teke turen til no, seier ho.
Kjem med TurApp
Villa Norangdal kjem no med ein TurApp der turfolket kan registrere sine turar og bli med på trekning av premiar. Ved å gå inn på nettsida www.summittosea.no og registrere seg med eigen kode kan ein bli med. Alle kan delta og registrere sine turmål både høgt og lavt, fortel Iris Fivelstad.
På nettsida er det lagt inn heile 82 turmål, 39 nasjonale toppar frå Preikestolen til Galdhøpiggen, og ein finn 26 fjelltoppar lokalt i Stranda kommune. Også 17 av Sunnylven IL sine trimpostar er inne på nettsida for registrering av besøk.
Dette er eit pilotprosjekt der sunnylvingane er dei fyrste i Norge som får bruke det, seier Iris Fivelstad.