Lokalnytt

Bra besøkt kaffibar

Antonio Fernandez og Ellen Fivelstad håper å få ta i bruk alt serveringslokale i Boutique & Bar til neste sesong.
Antonio Fernandez og Ellen Fivelstad håper å få ta i bruk alt serveringslokale i Boutique & Bar til neste sesong.

For vel tre veker sidan opna Boutique & Bar på Hellesylt, eit nytt tilbod for smaksnytarar. Starten og besøket har vore lovande, fortel vertskapet.

Ellen Angelika Fivelstad og Antonio Fernandez starta opp med kaffibar i dei tidlegare lokala til bokhandelen på Hellesylt 3. juli. Besøket i og utanfor lokalet i Gatå har vore lovande.

-Det har vore stort sett som vi hadde håpa på. Det er vanskeleg å vite kva ein kan forvente når ein opnar ein kaffibar på Hellesylt. Men mange har vore innom og då går det i fleire smakar, kaposino, kaffe latte, islatte og sjølvsagt vanleg kaffi. Litt å bite i har vi også og der er dei ferjereiste bollane frå Geiranger blitt populære, fortel Ellen Fivelstad.

Ellen og Antonio har midlertidig bruksløyve av lokala i bokhandelen fram til 22. august. Dei har søkt om dispensasjon til å ha ope også vidare ut over hausten, i helgar, romjula og påske.

Årsaka til den midlertidige bruksløyva ligg i manglande godkjent reguleringsplan for Hellesylt. Det gjer at Boutique & Bar ikkje har fått teke i bruk heile serveringsarealet. Det håper sjølvsagt vertskapet skal orden seg til neste sesong.

-Til neste sesong ynskjer vi også skjenkeløyve for øl og vin og som vi vil søkje om å få. Då blir det også ordna med toalett og internett i lokala, seier Ellen Fivelstad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380