Lokalnytt

Dansa for cruiseturistar

Leikarring, leiarar og musikarar frå Hellesylt Ungdomslag om bord i cruiseskipet Europa.
Leikarring, leiarar og musikarar frå Hellesylt Ungdomslag om bord i cruiseskipet Europa. (Foto: Privat)

Tysdag la cruiseskipet Europa til ved Hellesylt kai. I finstas gjekk leikarring og leiarar frå Hellesylt Ungdomslag om bord for å underhalde.

Litt spente gjekk tolv dansarar med musikarar og leiarar frå Hellesylt Ungdomslag om bord i turistbåten Europa for å få sjå livet der på nært hald, men også for å underhalde. Mange cruiseturistar var til stades for å oppleve norsk folklåredans til levande folkemusikk.

Astrid Ringdal, leiar med lang fartstid innan leikarring og ungdomslagsarbeid var med som ein av leiarane om bord og ho fortel om eit hyggeleg besøk.

-Vi vart utruleg godt mottekne der ein av toppane blant mannskapet tok i mot og viste oss rundt på båten. Fyrste halvtimen gjekk med til å servere oss kaker, brus og is før vi fekk omvising på skipet. Vi fekk ei svært hyggeleg mottaking og servering som fall i smak hos oss alle.

Så var det vår tur til å gje noko tilbake, det som turistane hadde ønska å få sjå. I ei god halvtime viste vi fram leikdans til levande folkemusikk frå dyktige musikarar. Det sytte Synnøve Hjellbakk Hole, Gro Mari Langleite, Helge Kvam Karbø og Erik Torset for på fele og gitar. Med på oppvisinga var også Lars Kvam Karbø og Jarl Vegard Eliassen Røyrhus som saman med Kristian Frøysadal Hauge og Kasper Ringdal dansa laushalling til stor åtgaum frå publikum. Også hatten flaug mellom blankt interiør om bord i skipet-, fortel Astrid R. Ringdal.

Det vart masse applaus til dyktige dansarar og musikarar. -Etter to timar gjekk vi i land med ein god følelse av å ha opplevd noko svært hyggeleg, noko vi gjerne gjer igjen, seier Astrid.

Dansarar og andre frå Hellesylt Ungdomslag vart svært godt mottekne av mannskap på cruiseskipet Europa under besøket om bord. (Foto: Bente Bonsaksen)
Dansarar og andre frå Hellesylt Ungdomslag vart svært godt mottekne av mannskap på cruiseskipet Europa under besøket om bord. (Foto: Bente Bonsaksen)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380