Det beste bildet

Biletet til Roger Liavåg viser laksetrapp i Bygdaelva ved Stadheim og med Helsetkopen i bakgrunnen.

Biletet til Roger Liavåg viser laksetrapp i Bygdaelva ved Stadheim og med Helsetkopen i bakgrunnen.

Under Hellesyltdagane inviterte komiteen til fotokonkurranse. Prisen for beste blinkskot gjekk til Roger Liavåg, Ålesund.

For andre år på rad vart det konkurrert i tre klasser om beste bilde under Hellesyltdagane, og dei tre klassene var;  beste naturbilde, artigaste bilde, og beste bilde. Arrangøren hadde sett opp visse kriteriar for konkuransen, mellom anna at bildet måtte vere teke same helg som Hellesyltdagane vart arrangert.

Vinnarane i dei tre kategoriane vart presentert av juryeleiar Karoline Aaland frå utescena søndag. Ho tykte konkurrransen heldt høg kvalitet, det hadde vore eit vanskeleg arbeid for juryen å plukke ut vinnarbilda mellom rundt 50 innsendte bidrag. Men dette vart resultatlista:

Artigaste bilde: Harald Sørheim, 1000.- kroner

Beste naturbilde: Solgunn Nybø, 1000,- kroner

Beste bilde: Roger Liavåg, 1000.- kroner

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380