Lokalnytt

Fann opp Caeli-veggen

Anne Jorun Sæten saman med veggen med print frå Hotell Villa Norangdal
Anne Jorun Sæten saman med veggen med print frå Hotell Villa Norangdal

Gjennom jobben følte Anne Jorun Sæten at ho mangla praktisk utstyr til å få formidla informasjon. Løysing kom ho fram til sjølv.

Det ser ut som designer Anne Jorun Sæten og ektemake Helge Lilletvedt kjem berande på ein trillebag når vi møter dei to på Hellesylt Boutique & Bar. Jau, den mørke tøybagen er ein trillebag, men har langt anna innhald enn reiseeffekter. Den inneheld eit lite og nytt hjelpemiddel til å få presentert informasjon på.

Alt i ein hendig bag

Caeli-veggen er eit system som Anne Jorun Sæten, med sterke slektsrøter på Hellesylt fekk ideen til og har utvikla. I januar i år kom det i masseproduksjon og no håper ho på at det blir ei salsvare som gjev  leveveg for seg og familien.

Ho prøver å forklare kva Caeli Wall er. Bagen med hjul inneheld utstyret med ein liten kompressor som ved å kople den til straumnettet bles opp ei ramme på 2.0 meter i høgd og 1,6 meter i breidd på eit par minutt. Caeli Wall blir levert med to kvite dukar, og kan også tingast med print på duk. Oppmontert kan veggen nyttast til informasjon frå projektor eller frå bilete.

Lovande tilbakemeldingar

Anne Jorun Sæten er utdanna som samfunnsvitar og designar. Gjennom jobben hos bedrifter oppdaga ho at eit enkelt informasjonsverktøy var mangelvare. Det beste og enklaste på marknaden som kunne fraktast kring var stort og vog tretti kilo. Det var behov for nye og kreative løysingar.

Der starta firmaet Caeli System AS med utvikling av Caeli Wall. Informasjonsveggen er patentbeskytta i Norge og salet har gått bra både i inn og utland. Tilbakemeldingane er gode og mange kontakter er oppretta alt, fortel Sæten som har ektemannen Helge Lilletvedt med som ein dyktig medhjelpar i reklame –og salsarbeidet.

Skryt på messe

Der lokala er små og trange er veggen ypperleg til informasjon. Elles høver den godt både på messer, utstillingar, på stands, konferansar, eller andre stader der det skal informerast om noko. Oppfinninga er pakka i ei lita veske som lett kan bli med som handbagasje på fly. Total vekt er 7.0 kilo.

-Vi var på ei stor messe i Dusseldorf i Tyskland i fjor og presenterte produktet. Då fekk vi over 300 kontakter frå 53 land og mange meinte at Caeli-veggen var mellom det mest innovative på heile messa-, fortel Anne Jorun Sæten.

Les meir om Caeli Wall her: www.caeliwall.com

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380