Lokalnytt

Flaug frå Kopen

Nettopp landa, frå venstre Alex Drozdov, Russia, Cato Nordbakk, Brandon Mikesell, USA og Kristian Rønning.
Nettopp landa, frå venstre Alex Drozdov, Russia, Cato Nordbakk, Brandon Mikesell, USA og Kristian Rønning.

Onsdag landa fire basehopparar trygt ved Helsetvatnet. Forholda var gode under prøvehoppa, både på toppen av Helsetkopen og i landingsområdet.

Cato Nordbakk og tre andre gjekk onsdag den lange vegen til Helsetkopen om Litledalen og Navarskaftet. Der var all snø borte, også ved starten på Kopen, kunne Cato Nordbakk fortelje. Bortsett frå litt kald vind var det perfekte forhold onsdag. Det håper han og dei andre basehopparar på også i dagane som kjem.

I morgon torsdag blir det prøvehopping og kvalifisering, det same på fredag og med finale i World Base Race på laurdag. Alt er som før veravhengig, så med vind og tåke kan det bli endingar.

Onsdag hadde Cato Nordbakk ikkje oversikt over kor mange deltakarar som kjem til konkurransen komande helg, men til no var det påmeldt femten. Han trur fleire kjem til etter kvart.

Det som er litt spanande i år er om landingsområdet vert overfløymt. Blir det god tøyr med stor snøsmelting kan Helsetvatnet stige og setje landingsflata under vatn. Onsdag vart det prøvd ut eit nytt tidtakarsystem med GPS i tilfelle landinga må skje annan stad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380