Gode grasavlingar for sunnylvsbøndene

Det er velstand hos sunnylvsbøndene når det gjeld vinterfor til dyra, seier leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad. ( Arkivfoto)

Det er velstand hos sunnylvsbøndene når det gjeld vinterfor til dyra, seier leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad. ( Arkivfoto)

Etter ein litt kald vår vart det eit nytt, godt grasår for husdyrbrukarane i Sunnylven. Det stadfestar leiar i Sunnylven Bondelag Peder Hellebostad.

 

«Mai kulde gjør bondens lader fulle», heiter det i ordtaket og det slo til i år, seier bondelagsleiar Peder Hellebostad. Det var ein kald og treg start på grasvoksteren i vår og slåtten vart eit par veker seinare enn normalt. Men kring juni/juli kom varmen og då skaut voksteren fart, det vart både tett og høgt gras. Avlingane er på høgde med fjoråret som var eit svært godt grasår i Sunnylven, seier Peder Hellebostad.

Mykje av årsaka til rekordavlingane meiner han skuldast god overvintring av enga dei to siste vintrane. Det har nesten ikkje vore frostskadar, i motsetning til for tre år sidan då det nærmast var ei lita katastrofe. Då vart store areal sådde på nytt, men det har bøndene fått glede av med store avlingar i åra etter.

No har bøndene gjødsla for å hauste ei ny avling i august. Også hoslåtten tegnar svært bra, så det er berre velstand hos sunnylvsbøndene når det gjeld vinterforet til dyra, stadfestar Peder Hellebostad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380