I «verdas vakraste katedral»

Søndag kunne kykjegåarar på nytt samlast på Høgreiten til gudsteneste i ein av verdas vakraste katedralar.
Sola varma og unge og eldre kom opp dei bratte bakkane frå sentrum til Høgreiten. Til slutt talde forsamlinga 114 personar.
I år var det rigga med solide benkar, furer eller gran som var blitt kløyvde etter midten. Det var også henta ei større steinhelle som fungerte som altarbord. Sokneprest Stein Karstensen takka dei som hadde stått på for å lage til det heile.
Gudstenesta opna med klokkeringing og deretter tonar frå Peter Dass sin kjente «Herre Gud ditt dyre namn og ære». Blåsegruppa som sytte for opningstonane og til salmesongen bestod av Gunnar Inge Eide, Oddbjørg Stadheim, Ingeborg Langeland og Ingrid Julie Hole.
Og kva meir treffande kunne opningssalmen vere enn «Fagert er landet» på ein slik dag. Eit meir storfelt og vakkert panoramabilete enn utsikta frå Høgreiten denne dagen er nok vanskeleg å finne.
-Her kan vi høyre lyden av Hellesyltfossen og naturen elles. Også slik snakkar vår Herre til oss, sa sokneprest Stein Karstensen mellom anna i preika. Etter den var det nattverd. Gudstenesta som har vore årviss på Høgreiten sidan 2006 vart avslutta med servering av kyrkjekaffi.

