Lokalnytt

Jordbær i alle variantar

Nokre av kakene med jordbær frå Valldal. (Foto: Monica Rødven)
Nokre av kakene med jordbær frå Valldal. (Foto: Monica Rødven)

Fleire veker forseinka kom jordbær frå Valldal i handel. Det gjorde Peer Gynt Galleriet på Hellesylt stas på og baud fram bær i fleire variantar.

På jordbærdag på Peer Gynt Galleriet vart dei raude, flotte bæra frå jordbærbygda Valldal servert i fleire variantar. Endeleg var dei modne slik at dagleg leiar Monica Rødven og hennar hjelparar kunne by på fristande varer av jordbær både for auge og smakssansar.

Monica Rødven er busett i jordbærbygda Valldal. Laurdag hadde ho lasta opp bilen med mange korger bær for å by fram på årets jordbærdag på Peer Gynt Galleriet.

I kreative vendingar hadde ho laga utallige variantar av kaker og dessertar med jordbær i. Kremkake pynta med jordbær, jordbærsyltetøy, marsipankake med jordbærkrem, riskrem med jordbærsaus, vaniljekremkake med jordbær på toppen, jordbærsaus og naturell jordbær med fløyte eller vaniljesaus var litt av det som kundar vart freista med. Og sjølvsagt fekk dei som ville ha enno meir jordbær kjøpe med seg korger heim.

Monica Rødven med eit par korger raude, fristande bær. Dei smaka fortreffeleg.
Monica Rødven med eit par korger raude, fristande bær. Dei smaka fortreffeleg.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380