LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Konsertsuksess på Ljøen

Visesongar Egil Olsen frå Ørsta på scena på Ljøen. Utsynet for publikum er rett til den kjente verdsarvfjorden. (Foto: MMS, Ragnhild Stadheim)
Visesongar Egil Olsen frå Ørsta på scena på Ljøen. Utsynet for publikum er rett til den kjente verdsarvfjorden. (Foto: MMS, Ragnhild Stadheim)

Hellesyltdagane fekk eit verdig punktum søndag kveld med konsert på Ljøen. Bakteppet til scena på Øvre Ljøen var innløpet til Geirangerfjorden.

I det naturskapte amfiet oppom tunet på Øvre Ljøen stod den nybygde scena der Ørsta sin eminente visesongar Egil Olsen heldt konsert søndag kveld. Konserten vart ein kjempesuksess med 160 publikum til stades. Unge og energiske Ole Hjalmar Bonsaksen, som sjølv varma opp til konserten med å traktere gitaren og songstemma har vore pådrivar for det nye konseptet saman med mor Bente Bonsaksen og Eivind Louis Helset. Etter at siste turistferje hadde slutta å pløye fjorden søndag kveld kunne dei roe ned i visse om at den aller fyrste konserten på Øvre Ljøen vart ein suksess.

-Det var berre så bra, så kjempekjekt og med ein så flink visesongar. Heile ramma rundt konserten med det naturlege amfiet i bakken og fjellet bak gav ein så flott akustikk til det heile. Eg er så fornøgd og så glad for at vi la forholda til rette for konserten her på Ljøen. Også veret spela på lag så dette freista til gjentaking. Det skal i alle fall bli ein fast tradisjon at vi avsluttar Hellesyltdagane med konsert på Ljøen, slo Bente Bonsaksen fast.

Bente Bonsaksen overrekte trubadur Egil Olsen eit bearbeida saueskinn i gåve og som minne frå konserten på Ljøen. Det sette han stor pris på og takka med heile tre klemmar.

Vi i hellesylt.info gratulerer så mykje med suksessen.  Uredde, tiltaksrike personar er det bygda Sunnylven trenge.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380