LokalnyttLokalsport

Kristine vann i Jordbærdilten

Kristine Hjellbakk Hole vann jenteklassa i Jordbærdilten i Valldal.
Kristine Hjellbakk Hole vann jenteklassa i Jordbærdilten i Valldal.

Multitalentet i idrett, Kristine Hjellbakk Hole stilte til start i Jordbærdilten i Valldal laurdag. Det vart klassesiger på jenta frå Sunnylven IL.

Sist vinter vart Kristine Hjellbakk Hole krinsmeister i langrenn, og i tillegg vart det topplassen på resultatlistene i fleire andre konkurransar.

Etter at vintersesongen var slutt har Kristine spela fast på Sunnylven Fotball sitt J14-lag. I Hellesyltløpet i sommar stilte 13-åringen like godt i dameklassa for å få springe 6.6 km. i staden for 1.6 km. Det vart ein sterk 8. plass og sluttid 28.50 og nest beste dame frå arrangørklubben Sunnylven IL.

Laurdag var det så deltaking i Jordbærdilten i Valldal. Sigeren i jenteklassa gjekk til Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, 13.29. Premien var ei korg jordbær frå Valldal.

Vinnar av guteklassa vart Åsmund Ertesvåg Jakobsen, Emblem IL, 12.33 Martine Lorgen Øvrebust, Stordal IL vann damer senior, 12.32, og Iver Matias Linge Glomnes, Valldal IL herrer senior, 10.15. Totalt deltok 57 i dei fire konkurranseklassane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380