LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Lars Bremnes begeistra på Hellesylt

Lars Bremnes sin konsert var ein av dei beste i Sunnylven kyrkje.
Lars Bremnes sin konsert var ein av dei beste i Sunnylven kyrkje.

Fredag kveld åpna programmet under Hellesyltdagane med konsert  Sunnylven kyrkje. Der begeistra visesongar Lars Bremnes tohundre.

Tida går fort, sa leiar i Hellesylt Ungdomslag Geir Frøysa. Laget er arrangør av kyrkjekonserten og i år kunne han ønskje vel møtt til konsert med Lars Bremnes, yngstemann i den kjente syskenflokken som også består av Kari og Ola.

Lars Bremnes kom til konsert i Sunnylven kyrkje saman med to musikarar, Georg Buljo på gitar og Kjetil Dalland på bass. Konserten vart ei oppleving for knapt tohundre frammøtte.

Rundt femten songar stod på repertoaret til Bremnes og hans musikarar, alle med norsk tekst på nynorsk eller nordnorsk dialekt. Dei aller fleste var Bremnes sine eigne tekstar, men songen «Kvert lille korn av sand» hadde han omsett til norsk frå Bob Dylan. Til to andre norske diktarar hadde han tonesett deira tekstar,  Olav H. Hauge sitt «Det er den draumen» og Kjartan Fløgstad sitt dikt med tittel «Slak Line».

Fleire av songane under konserten var kan hende ukjente for dei fleste, men «Fiolinan» og «Å kunne æ skrive» var låtar som dei feste hadde høyrt tidlegare.

Kanskje var det litt vanskeleg å få med seg tekstar under enkelte songar, men melodi, flott instrumental framføring og heile settingen med innleving og framføring av aktørane gjorde opningskonserten til ei minnerik oppleving. Vi var der, vi såg og høyrde eit publikum som levde med og applauderte. Det vart fleire ekstranummer , men det gjorde artisten med berre glede.

Som minne frå Hellesylt fekk Lars Bemnes overrekt eit behandla saueskinn frå Bonsaksen Gard med data og namn svidd inn. Det gleda tydeleg vis Lars Bremnes stort.

Konserten i Sunnylven kyrkje var den siste etter ein lang turnevår. No var det ferie kunne Bremnes fortelje til Hellesylt.info. Denne helga hadde han og musikarar husrom på Villa Norangdal. Der kunne han ha tenkt seg å starte ferien med fleire dagar.  -Tenk å kunne bu på ein gamal, restaurert skysstasjon under ein isbre og like ved ein geitefarm. Det må vere den gode ferie-. sa Lars Bremnes som snakka nettopp om Villa Norangdal.

Dyktige musikarar gjorde konserten til ei oppleving, frå venstre Kjetil Dalland, Lars Bremnes, Georg Buljo.
Dyktige musikarar gjorde konserten til ei oppleving, frå venstre Kjetil Dalland, Lars Bremnes, Georg Buljo.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380