Lokalnytt

Mange på olsokfeiring i Bygdetunet

Inghild Storstein las dikt frå samlinga "Lyng i steinurd" av diktaren Ivar Ringdal
Inghild Storstein las dikt frå samlinga «Lyng i steinurd» av diktaren Ivar Ringdal

Det var Odd Jostein Bjørdal i Venneforeininga som ønska vel møtt til olsokfeiring i Hellesylt Bygdetun for attande året på rad onsdag kveld. Rekordmange møtte fram.

Den attande olsokfesten i Hellesylt Bygdetun vart på låven i år grunna utrygt ver. Men verken ver eller samlinga mellom høy og gamle låvebjelkar hindra god stemninga hos dei vel 60 frammøtte. Den gamle låven i Hellesylt Bygdetun var eit godt kulturhus denne kvelden med servering og programinnslag av det gode slaget med lokale aktørar.

Inghild Storstein hadde fått oppdraget å plukke ut og lese dikt av Ivar Ringdal, bygda sin eigen og omtykte diktar som vart fødd 22. oktober for hundre år sidan. Ho hadde funne fram til fem dikt, men det var eit vanskeleg oppdrag, der var så mykje bra å velje mellom, sa Inghild Storstein. Dei fem dikta var «Ord», «Fjellbonde», «Sår draum», «Sirupsspannet» og «Høgaltaret». Flotte dikt vart godt framført og ei oppleving for dei mange frammøtte.

Og endå fleire gode kulturinnslag vart publikum til del denne olsokkvelde. Kristin Storstein hadde teke med tangentinstrumentet for å synge både åleine og saman med Ingelin Storstein Hole. -Å Vestland, Vestland-, -Vår Herres klinkekuler-, Vamp sin -Liten fuggel-, -Fylt av din kjælighet- av Bob Dylan, og -Takk for hver dag på jord- stod på repertoaret til dei to. Vakkert, vakkert, ikkje stort meir å skrive om slike innslag.

Venneforeininga i Hellesylt Bygdetun hadde gjort jobben, det vart ei olsokfeiring av det beste der gode minner set igjen både frå programmet, frå rjomegrauten, kaker og kaffi. Samlinga vart avslutta med loddsal og trekking av mange gevinstar, gjevne av næringslivet på Hellesylt og med songen -Fager kveldssol smiler-.

Kristin Storstein til høgre og Ingelin Storstein Hole begeistra forsamlinga ved vakker song.
Kristin Storstein til høgre og Ingelin Storstein Hole begeistra forsamlinga ved vakker song.
Astrid Langeland i styre for Venneforeininga hadde god rjomegraut å by på til dei frammøtte
Astrid Langeland i styre for Venneforeininga hadde god rjomegraut å by på til dei frammøtte

Olsokfest 4

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380