Lokalnytt

Meir postvei skal vølast

Det har blitt god veg nesten til enden av Herdalsvatnet.
Det har blitt god veg nesten til enden av Herdalsvatnet.

Med Ljøbrekkas Vener som pådrivarar har det blitt utført mykje godt arbeid med å ta vare på Den Trondhjemske postvei frå Herdalen til Ljøen. I august startar arbeidet med å utbedre nye etapper.

Vi var ikkje åleine på søndagstur frå Herdalen til Ljøen. Den Trondhjemske postvei over Ljøbrekka er nok ei av dei mest trakka turrutene i Stranda kommune. Og ikkje alle turgåarane vi møtte snakka vårt språk, men dei såg ut til å kose seg med storfelt panoramautsikt.

Organisasjonen Ljøbrekkas Vener har teke mål av seg å berge Postveien over Ljøbrekka frå forfall. Ein flott tanke frå dei som tok initiativet og ei målsetjing både politikarar og andre burde slutte opp om. Mykje er gjort og meir er planlagt starta i haust, for eldsjelene i organisasjonen står på.

Frå Herdalen og langs med fremste Herdalsvatnet og opp den bratte Herdalsbrekka til toppen fekk vi sjå mykje godt arbeid utført på turvegen. I starten er der køyrande veg, og der det går over til rås er det utbetra med veggrøft, nye stikkrenner og murar er bygde opp på nytt.

Råsa går i mange svingar opp den bratte Herdalsbrekka.
Råsa går i mange svingar opp den bratte Herdalsbrekka.

På tur etter Postvegen søndag var også leiaren i styre for Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal. Han kunne fortelje at måndag 10. august er det oppstart med utbetring av turvegen frå Ljøen og oppover. Då blir det starta opp med sherpaer og ei lita gravemaskin. Kanskje må det til også litt sprenging av fjell for å få til gode grøfter, og han håpa å få løyve til å nytte røyr til stikkrennene i staden for å mure av stein. Målet var å kome til Spønhaugen, om lag halvvegs til Ljøsætra i haust. Lenger rekna ikkje Hjørungdal med at pengane rakk dette året.

Ein rodestein ved Nykkjevatnet med innskrift "Nedreljoen"
Ein rodestein ved Nykkjevatnet med innskrift «Nedreljoen»

Hjørungdal håpa at folk framleis vil støtte arbeidet som Ljøbrekkas Vener driv med pengegåver. Det blir ikkje kronerulling i år, men leiaren sa at dei har sysla med tanken å legge betalingsblankettar i ei kasse på toppen av Ljøbrekke som turgåarar kan gjere seg nytte av.

Støtt Ljøbrekkas Vener, organisasjonen konkurrerer mot naturen om å bevare den flotte turvegen, Den Trondhjemske postvei mellom Ljøen og Herdalen.

Ljøsætra med utsyn til der fjordane møtast.
Ljøsætra med utsyn til der fjordane møtast.
Ved Spønhaugen kan ein sjå arbeid utført av fagfolk i gråsteinsmuring.
Ved Spønhaugen kan ein sjå arbeid utført av fagfolk i gråsteinsmuring.
Her startar Den Trondhjemske postvei på Ljøen, og her startar utbedringsarbeid 10. august.
Her startar Den Trondhjemske postvei på Ljøen, og her startar utbedringsarbeid 10. august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380