Lokalnytt

Messingkvintett begeistra

Topp musikarar, frå venstre Henrik OLsen Åsaune, Karoline Langgåt Jøkling, Fredrik Hassen, Lars Brynestad og Malene Flataker
Topp musikarar, frå venstre Henrik OLsen Åsaune, Karoline Langgåt Jøkling, Fredrik Hassen, Lars Brynestad og Malene Flataker

Tysdag heldt fem musikkstudentar frå Barratt-Dues musikkinstitutt i Oslo konsert i Sunnylven kyrkje. Det vart ei musikalsk oppleving av høg kvalitet.

Fem musikkstudentar,  Malene Flataker, Henrik Olsen Åsaune, Karoline Langgåt Jøkling, Lars Brynestad og Fredrik Hassel studerer alle ved Barratt-Dues musikkinstitutt til fire-årig bachelor, men er komne ulikt lagt i studiane. Alle fem starta musikkinteressa og ferdigheitene på messinginstrumenta i skulekorps, men for å kome inn på Barratt-Dues institutt må ein ha spela instrument i titusen timar, fekk vi oss fortalt.

Konserten i Sunnylven kyrkje stadfesta musikalsk kvalitet, det vart eit sommarminne som vi trur vil leve lenge for dei 60 frammøtte i kyrkja. Vi let oss imponere av samspelet, reinheita og ferdigheiter der dei leika med tonane på trompetar, horn, trombone og tuba. Dette var musikalsk vellyd av høg standard for amatørøyre, framført av profesjonelle, unge musikarar.

Malene Flataker, trompet, Henrik Olsen Åsaune, trompet, Karoline Langgåt Jøkling, horn, Lars Brynestad, trombone og Fredrik Hassel, tuba er kome ulikt langt i sine musikkstudiar som endar opp med bachelor etter fire år. Dei har spela saman i eitt år og i sommar reiser dei rundt og held konsertar mellom anna på Sunnmøre. Sunnylven kyrkje var eit flott konsertlokale, det gav så mykje tilbake, sa dei. Neste konsert blir i Geiranger før turen går til Sykkylven. Sommarferie blir det lite av på dei fem, men litt blir det før nye studiar tek til, trudde dei.

Etter konserten ville applausen nesten ingen ende ta. Publikum ville ha ekstranummer, men fekk det ikkje. I staden fekk musikarane kvar sin bukett roser frå arrangøren, noko dei avgjort hadde gjort seg fortjent til.

Repertoaret under konserten i Sunnylven kyrkje:

Edvard Grieg – Holbergsuite, Johann Sebastian Bach – Canzona i d, Ludwig Maurer – 3 little pieces, pause, Sang – folketone, arr T. Aagård-Nilsen, Victor Ewald – Quintet nr 3, Koetsier – Kinderzirkus.

Barrat -Due 2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380