Lokalnytt

Mistanke om sabotasje i laksetrapp

Leiar i elveeigarlaget Glenn Wernersen har låst luka med kjetting og hengelås.
Leiar i elveeigarlaget Glenn Wernersen har låst luka med kjetting og hengelås.

I ei laksetrapp i Steimsfossen vart ei luke nyleg stengd og stoppa laksen si vandring. Det skulle ikkje skje så her er det mistanke om sabotasje, seier leiaren i elveeigarlaget.

Leiar i Korsbrekkeelva elveeigarlag Glenn Wernersen er skuffa, men også mykje irritert. Luka på toppen av laksetrappa i Steimsfossen stengde for laksen si vidare vandring opp gjennom elva, ei strekning på omlag ein kilometer der det alt er selt mykje fiskekort.

Og elveeigarformannen er ikkje i tvil. Nokon har stengt luka fysisk med vilje, det går ikkje ann at det har skjedd utan vidare. –Du må ta vekk ei splint og deretter må det brukast eit røyr for å løfte den ut av lås for å få senke og stengje. Det er sabotasje for å stoppe laksen i å vandre lenger opp i elva, seier han.

Luka vart låst med kjetting og hengelås, men like etter stod det ei jarnplate og sperra opninga i ein kulp i laksetrappa lenger nede. Den vart sjølvsagt fjerna og no går leiaren og andre vaktrundar og kontrollerer både trappa i Steimsfossen og dei to andre.

-Her er tydeleg vis nokon som ikkje skjønar alvoret. Vi jobbar heile tida for å kultivere og få fram ei laksestamme som kan vandre i heile den lakseførande elva og gje inntekter til elveeigarane. At nokon prøver å stoppe laksen frå å gå opp taksetrappene blir ikkje godtatt og det er faunakriminalitet. Vi vurderer å politianmelde saka, seier ein alvorsam leiar i Korsbrekkeelva elveeigarlag.

Dei siste dagane er det gått opp mykje laks også til den øvre delen og laks blir fiska kvar dag. Fisket i Korsbrekkeelva har vore godt i år, rundt 250 laks er kome på land så langt med ei snittvekt på rundt 6.0 kilo, fortel Glenn Wernersen.

Det må brukast ekstra lyftearm for å få ut ei splint og stengje jarnluka som veg mange kilo.
Det må brukast ekstra lyftearm for å få ut ei splint og stengje jarnluka som veg mange kilo.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380