Musikkvintett til Sunnylven kyrkje

Høgskulestudentar frå Barratt-Dues musikkinstitutt i Oslo spelar i Sunnylven kyrkje tysdag.
Dei fem musikkstudentane som besøkjer Sunnylven med konsert i kyrkja tysdag kveld er:
Malene Flataker, trompet, Henrik Olsen Åsaune, trompet, Karoline Langgåt Jøkling, horn, Lars Brynestad, trombone, Fredrik Hassen tuba.
Kvintetten har spela saman i eitt år og avsluttar dette skuleåret med ein miniturne på herlige Sunnmøre, skriv dei.
Dei fem spelar musikk av mellom anna Edvard Grieg, Victor Ewald og Johan Sebastian Bach.