Ny Quiz på Peer Gynt Galleriet

Laurdag 1. august er det klart for sommarens andre Quiz på Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.
-Vi er klare med tretti spørsmål til Quiz-en på laurdag, spørsmål om alt mogeleg frå sport, musikk, geografi, kultur, politikk og lokalt. Dei fleste har både A og B svar så her kan dyktige quiz-arar samle mange poeng. Det blir to rundar med femten spørsmål i kvar før ein pause og nye spørsmål.
Det fortel Egil Røyrhus som saman med Arild Ringdal styrer konkurransen laurdag kveld som startar kl. 20.00. Dørene til Peer Gynt Galleriet opnar ein halv time før. Som vanleg kan kvart lag bestå av inntil seks personar.
Under Kopen vann
Fyrste sommar-Quiz i år var i slutten av juni. Åtte lag stilte i konkurransen som enda slik:
1.Under Kopen 25-36 =61
2.Die Mannschaft II 20-33 =53
3.Litt ditt og en pensjonist 16-29 =45
4.Gunnes Minnepenner 15-29 =44
4.Peder – Severin 18-26 =44
6.Resamafian med innslag av Ljøen 18-25 =43
7.Helga før helga 15-27 =42
8.Team Gry 14-19 =33