Nye rekordar i Hellesyltløpet.

Ny deltakarrekord i Hellesyltløpet laurdag med 117 til start.

Ny deltakarrekord i Hellesyltløpet laurdag med 117 til start.

Rekordane vart sletta i Hellesyltløpet laurdag. Det vart ny deltakarrekord og nye løyperekordar både i dame og herreklassa.

Til saman i dei fire klassene, jenter, gutar, damer og herrer stilte 117 deltakarar i Hellesyltløpet laurdag. Det er ny deltakarrekord med nær 20 løparar. Og det gjekk så fort i den 6.6 km. lange løypa at rekordane i både dame og herreklassa fall. Spesielt imponerande var Kjersti Fresvik, Gular si sluttid i damer som var nær 50 sek. raskare enn den gamle løyperekorden.

I herrerklassa slettar Henrik Bakke, Lyn Ski klubbkamerat Anders Mølmen Høst sin løyperekord med eitt sekund.

Osloklubben Lyn Ski dominerte stort i herreklassa. Dei tapetserte premiepallen føre Kristian Nedregård på fjerde plass. 40-åringen Nedregård hang godt med ungdomen, så det var fyrst på dei siste hundre meter av løpet at løparen for Spjelkavik IL måtte gje seg. Etter Nedregård kom det Lyn Ski-løparar som perler på ei snor på premielista. Lyn Ski var venta å gjere det godt i Hellesyltløpet i år, sjølv om ei hard veke på sommarsamling under trenar Hans Kristian Stadheim sikkert «hang» litt i beina.

Lyn Ski avslutta ei vekes sommarsamling med i delta i Hellesyltløpet laurdag

Lyn Ski avslutta ei vekes sommarsamling med i delta i Hellesyltløpet laurdag

Også dei yngste klassene hadde mange deltakarar.

Sjå alle resultat her.

Resultat Hellesyltløpet 2015-v3

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380