Olsok i Hellesylt Bygdetun

Årets olsokfeiring i Hellesylt Bygdetun går som planlagt onsdag 29. juli. Samlingsstad er på tunet ute, eller i låven.
Olsokstemne i bygdetunet byd på både program, utlodding og sal av rjomegraut, kaffi og kaker.
Programmet i år står tre generasjonar Storstein for. Til hausten er det hundre år sidan diktaren Ivar Ringdal vart fødd. I det høve har Inghild Storstein leita fram dikt som ho vil lese under olsokstemne, fleire av dei ukjende for henne til no. -Ivar Ringdal var nok ein større diktar enn det mange trur. Det er både visdom og djupe tankar bak mykje av det han skreiv, seier ho.
Det blir også song å høyre under programdelen. Det står Kristin Storstein og Ingelin Storstein Hole for, mor og dotter som begge har fått ei vakker songrøyst i gåve.
Det usikre i år er veret. I alle høve håper arrangøren på godt frammøte og ynskjer vel møtt til olsokfeiring, ute eller inne. Triveleg samvær blir det uansett.