Lokalnytt

Olsokkonsert i Lensmannsstova

Dyktige utøvarar, frå venstre Gunnhild Sindre, Askjell Molvær, Anne-Berit Skrivervik Sultani og Synnøve Hjellbakk Hole.
Dyktige utøvarar, frå venstre Gunnhild Sindre, Askjell Molvær, Anne-Berit Skrivervik Sultani og Synnøve Hjellbakk Hole.

Tretti personar samla seg til ein timelang olsokkonsert i Lensmannsstova laurdag. Der fekk dei oppleve nasjonalromantikk og klassisk song og musikk av dyktige utøvarar.

Det klang frå husbjølla i Lensmannsstova og vertinne Synnøve Hjellbakk Hole kunne ynskje vel møtt til olsokkonsert på Lillebø. Ho hadde fått i hus eit solid konsertmannskap frå nær og fjern. Frå Stryn kom Anne-Berit Skrivervik Sultani med si fantastiske sopranstemme, Gunnhild Sindre hadde med hardingfela og saman med Synnøve Hjellbakk Hole utgjorde dei to halve laget av «Honndalstausene», og på orgelkrakken sat Askjell Molvær frå Sula.

I Olden i sommar

Å halde konsert i lag var moro, sa Anne-Berit Sultani under innleiinga av konserten. Ho var busett på Austlandet dit ho drog for mange år sidan, men strynedialekta hadde ho teke vare på, betre enn dei fleste. Austpå jobba ho som lærar i ungdomsskulen, men frå skule i Stryn i ungdomsåra kjende ho godt Gunnhild Sindre. Saman med Askjell Molvær gjorde dei så ein konsert i lag i gamle Olden kyrkje i sommar, og laurdag heldt dei same konsert i Lensmannsstova på Lillebø.

Godt konsertlokale

Det vart ei oppleving for dei frammøtte, både musikals med det gamle trøorgelet, frå hardingfeler og med Anne-Berit Skrivervik Sultani si sopranstemme. Vi ville nok trudd at ho var ved ei songscene, at det var yrket, men ho jobba som lærar. Med det høge toneleiet, reint og innlevande, imponerte ho ei lyttande forsamling. Og ho like storstova som konsertlokale, der var så god akustikk, tykte ho. Saman med tonar frå eit nyleg restaurerte harmonium og frå hardingfeler smelta det heile saman til eit flott olsokminne som publikum applauderte for.

Ekstranummer

Konserten opna med «Eg hev i himmelrik ei borg», og deretter «Solveigs song» før tre korte songar av Bjørnstjerne Bjørnson og Halvdan Kjerulf. Vidare på repertoaret stod «Om kvelden», folketone frå Hornindal, «Ved Rondane», «Brudemarsj frå Vågå», litt barokk i «Bist du bei mir», «Briksdalens bruremarsj», «Panis Angelicus» og til sist «Gånglåt från Åppelbo».

Men publikum var ikkje heilt nøgde med at konserten var slutt. Dermed eit lite ekstranummer frå fire dyktige utøvarar, før ein kort pause og ny konsert for nye publikum.

Olsokkonsert 2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380