Opna Hellesyltdagane

Laurdag 4. juli vart dei 28. Hellesyltdagane offisielt opna av hamnesjef i Stranda, Rita Berstad Maraak.
Hamnesjef i Stranda takka ja til oppdraget med å opne Hellesyltdagane, sjølv om ho kom i ei rekke av dyktige personar som har stått for oppdraget tidlegare. Der hadde ho registrert at både ordførarar og prestar var, sa ho.
Men også Rita Berstad Maraak gjorde jobben på ein flott måte. I rause ordlag omtala ho sunnylvingar som gode naboar for dei andre bygdene ikring. På Hellesylt var kjekke folk, dei var til å stole på, trauste, grundige og med ein god porsjon staheit.
Bygda hadde også fostra mange kloke og framsynte folk, meinte ho og kulturlivet stod det stor respekt av. Rita Berstad Maraak var imponert og trekte fram idrettslag, ungdomslag, sanitetslag og bygdekvinnelag som gode kulturskaparar i bygda.
-Men det flottaste vi har og som mange tusen turistar kjem for å sjå, var naturen. Geirangerfjorden var ei merkevare som knytta seg eit stort forvaltningsansvar til. Unike naturskjønnheiter kravde mykje for å ivareta, men det var ein arv alle måtte vere med på å skjøtte.
-Godt naboskap kokar ned til å hjelpe og ta vare på kvarandre, sa Rita Berstad Maraak. Ho håpa årets Hellesyltdagar vart vellukka og tidenes beste, og med eit vers frå diktet «Lukka» av A.P. Ringdal erklærte ho Hellesyltdagane for opna.