LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Opna kaffibar på Hellesylt

Ellen Angelika Fivelstad og Tony Fernandez fekk vakre blomar og rakk opning av kaffibaren om planlagt til Hellesyltdagane
Ellen Angelika Fivelstad og Tony Fernandez fekk vakre blomar og rakk opning av kaffibaren som planlagt til Hellesyltdagane

Med kaffi, kaker, flagg og snorklipping av ordførar vart Hellesylt Boutique & Bar opna fredag.

Ellen Angelika Fivelstad og Tony Fernandez har jobba fram eit nytt tilbod på Hellesylt. I den gamle bokhandelen har det no blitt kaffibar og «boutique», eit heilt nytt konsept i turiststaden Hellesylt.

-Verda er koma til Hellesylt på ein ny måte. Hellesylt har utvikla seg som turiststad gjennom meir enn hundre år og no har turiststaden fått enno eit tilbod både for reisande og fastbuande, ein kaffibar. Om vi ikkje er blitt urbane er det verdiar som vi set pris på. Det er eit spanande tilbod to unge har starta opp som betyr mykje også for miljøet i den tidlegare hovudgata som har lege litt stille nokre år. Med denne nyetableringa er den på veg til å få ei ny renesanse. Eg håper publikum gjer seg nytte av det nye flotte tilbodet og at eigarane vil lukkast-, sa ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad. På vegne av kommunen overrekte han ein bukett raude roser til det nye grunderparet Ellen Angelika Fivelstad og Tony Fernandez.

Deretter foretok ordføraren den offisielle opninga av Hellesylt Boutique & Bar og klipte over silkesnora som for høvet var i gullfarge.

Ellen Angelika takka mange for hjelp med å kome i stand med ombygginga frå bokhandel til kaffibar og få den klar til Hellesyltdagane. Ho takka familie og vener som hadde stått på, og ho delte ut kaffigåver til fleire, Stig Tryggestad frå Sparebanken Møre, til Stranda kommune ved ordføraren, hovudleverandøren av kaffivarer, til arbeidarane Kjell Oddvar Frøysa og Sven Roger Alme og ho takka naboane Liv Jorunn og Svein Sporstøl, og for tenester og bruk av Kyrkjelydshuset og Øcal.

Mange var møtt fram til kranselaget på Hellesylt Boutique & Bar fredag på føremiddag. Etter opninga heldt det heile fram med servering av champagne, kake og  kaffi i fleire variantar.

Ellen Angelika takka alle som hadde stått på fram til opninga og delte ut fleire pakkar god kaffi.
Ellen Angelika takka alle som hadde stått på fram til opninga og delte ut fleire pakkar god kaffi.
Ordførar Jan Ove Tryggestad stod for den offisielle opninga og klipte over gullsnora.
Ordførar Jan Ove Tryggestad stod for den offisielle opninga og klipte over gullsnora.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380