Øvre Ljøen-seter

Øvreljøsætra 1

Vi presenterer den siste setra i Sunnylven som Audun Brekke Fjeldheim besøkte i 2008 i samband med studiar. Frå Øvljøsetra innarst i Sunnylvsfjorden er utsikta storfelt, mellom anna mot Geirangerfjorden.

Audun A Av Audun Brekke Fjeldheim

ØVERLJØSÆTRA

Nord: 6888400

Aust: 390100

Høgde: 620 moh

LANDSKAP

Sætra ligg på ei lita, solrik hylle i den elles bratte fjellsida som går ned i

Sunnylvsfjorden. Fjellsidene markerer landskapsrommet som består av den inste

delen av Sunnylvsfjorden og inngangen til Geirangerfjorden.

Øvreljøsætra 2

VEGETASJON

Kulturmark med grasartar dominerer på stølsvollen, men her er òg ein del ugrasartar,

som tistlar og brennesle. Gjengroing med lyng og einer truar sætermiljøet, men det

har vore noko rydding for å unngå dette.

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

På sætra står det i dag ei hytte (påbygd sel), sett opp på gamle tørrmurar. Ein utedo

står på delar av murane til det som truleg har vore ein fjøs tidlegare. Utover dette er

her nokre få murrestar, men elles ingen tydelege kulturminne.

Øvreljøsætra 3

VURDERING liten verdi

Øverljøsætra ligg eksponert til, med fantastisk utsikt utover fjordlandskapet. Ho ligg

fint til i fjellsida, og opplevingsverdien av sætra er stor. Som sæter har området

derimot mindre verdi, ettersom det er få teikn att etter denne typen aktivitet.

MULIGHEITER lite potensial

Vanskeleg tilgang og avgrensa muligheiter for aktivitetar gjer at sætra har lite

potensiale for utvikling med tanke på næring.

Øvreljøsætra 4

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380