Poden og Kiara sanka premiar.

Åse Stadheim på Hellesylt har tre hestar på grønt gras på Stadheim Gård. To av dei vann fleire premiesløyfer under eit ope ridestemne på Stranda nyleg.
Det var Poden og Kiaran som henta heim premiesløyfer i fleire fargar under Stranda ride –og køyreklubb sitt stemne i juli. No går dei to fjordingane i grønt gras på Stadheim og «briskar» seg over premiane dei vann. Saman med dei to går også Dalar Møy, også det ein blank og staseleg fjording.
I juli var det ridestemne på Stranda der Poden og Kiara deltok med Åse Stadheim som jockey. Ho er veldig fornøgd med det dei oppnådde av resultat, for dei kom heim med heile sju av åtte moglege sløyfer. Den som glapp var med Poden, han var vel litt lei og ville ikkje samarbeide i øvelsen 60. cm. sprang, fortel Åse.
Men det vart 2. og 3. premiar i dressur og 2. plass i sprang på Kiara, og elles fire sløyfer i øvelsar der kriteria er bestått/ikkje bestått. I Stranda ride –og køyreklubb er der om lag 40 medlemer, men berre 15 av dei er aktive, fortel Åse Stadheim
Ridebane
På Stadheim har Glenn og Åse anlagt eiga ridebane. Tanken er å tilby rideundervisning og stell av hest til born og unge. To har alt meldt seg interessert, men dei håper sjølvsagt at fleire kjem til etter kvart som tilbodet blir kjent.
Distanseritt
Søndag 16. august blir det distanseritt på Frøysa i Sunnylvsbygda. Også for to år sidan vart same sort konkurranse arrangert der.
I år blir det tre klasser, 7 km., 14. km. og 19. km. Til no har det meldt seg på 10 deltakarar, mellom dei to frå Bergen som køyrer den lange vegen til Hellesylt for å delta, fortel Åse Stadheim.
