Rapport frå Island

Geisur ved Strokkur

Geisur ved Strokkur

Sunnylvingar rømer heimbygda grunna litt kjøleg sommarver. Enkelte dreg sydover, andre i vesterveg.

Frå Island, sagaøya i nord-Atlanteren har vi fått stemningsfulle bilete frå fire, Oddhild, Leif Egil, Erling og Britt. Dei krusar rundt om i leigebil og stortrivast. Opplevingane er mange, det blir mektige naturinntrykk når varme kjelder fresar seg opp til titalls meter høge fontener, eller når fossefallet ved Gullfoss velter seg utfor hamrar som norske snøras.

Vi fekk kort melding frå Island på SMS; -Vi he det topp-.

(Alle bilete: Tilsendt frå Island.)

Fossefallet Gullfoss.

Fossefallet Gullfoss.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380