Rocka konsert frå utescena

Jørn Trollebø rocka konsert også ute blant publikum

Jørn Trollebø rocka konsert også ute blant publikum

Programmet frå utescena baud på mange flotte innslag, også med trøkk og vibrerande lydnivå.

Stemninga steig til vers då Trollebø band med vokalist Jørn Trollebø entra utescena under Hellesyltdagane søndag. Lydmann Lasse Døving hadde gjort nye omdreiningar på volumknappen då dei fire i Nordfjordbandet slo laus på gitarar og trommesett, for lyden kunne nok høyrast både til byggefeltet på Reset og kanskje til lakseelva på Korsbrekke.

Det vart ein konsert med stemning, trøkk og spenstig opptreden av vokalist Jørn. Under rockekonserten gjorde han som ingen før spranget frå scenekanten og ut til publikum, med gitar og vokal i fullt trøkk. Publikum fekk «valuta» for frammøtet.

Jørn Trollebø kom til finalen i IDOL i 2014. Trollebø band har gjeve ut plate og under konserten fekk publikum høyre fleire låtar frå den. Imponerande dyktige musikarar i bandet der traktering av instrument såg ut som berre leik. Spesielt let vi oss imponere over karen på slagverket, der burde høyrselsverna vere på. Vi var på rockekonsert på Hellesylt søndag.

Trøllebø band på utescena under Hellesyltdagane

Trøllebø band på utescena under Hellesyltdagane

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380