Lokalnytt

Senterpartiet på sykkelvaltur

Syklande SP-politikarar Kristin Sørheim til høgre og Marit Krogsæter kom til Hellesylt med turistferja Veøy.
Syklande SP-politikarar Kristin Sørheim til høgre og Marit Krogsæter kom til Hellesylt med turistferja Veøy.

Tysdag starta to av Senterpartiet sine listetoppar til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal ein sykkeltur gjennom heile fylket.

Kristin Sørheim toppar vallista til Møre og Romsdal Senterparti. På tredje plass til fylkestingsvalet står ungdomskandidat Marit Krogsæter. Mellom dei to har ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad fått plass.

Håper på godt val

Målet er å få inn fem representantar etter årets val, seier Kristin Sørheim. Siste periode har partiet hatt fire representantar og samarbeidd med Arbeiderpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti, mellom anna om val av fylkesordførar. Eit spanande val står for døra 14. september, men usikkerheita er kor stor oppslutnad dei tverrpolitiske listene får. Dei har det blitt fleire av.

I løpet av sykkelturen som starta i Stordal 28. juli og varer ut månaden skal dei to innom alle kommunane i fylket og fleire små stader. Turen blir avslutta i Rauma, Sunndal, Nesset og Tingvoll, heimekommunen til Sørheim.

Møter saker og veljarar

Målet med turen er å gjere seg kjende med saker folk er opptekne av. Og med sykkelturen ynskjer vi å fokusere på folkehelsa, vi ser og føler vegstandarden og vi møter mykje folk som vi kan snakke med, sa dei. Dei to SP-toppane kom med turistferja Veøy til Hellesylt tysdag kveld der dei møtte lokale Senterpartifolk, Petter Hjørungdal, Geir Frøysa og Jostein Dalen før turen skulle gå vidare til Hjørundfjorden og Ørsta.

Næringsmiddelkommune

Det vart mykje og nyttig informasjon dei to fekk med seg frå stoppet på Hellesylt. Stranda kommune har jobba hardt for å få orden på økonomien og er på rett veg. Leiinga har fått skryt frå fylkesmannen for arbeidet som er gjort så Kristin Sørheim trudde ikkje Stranda hadde behov for regimeskifte no.

Kommunen er ei næringsmiddelkommune, sa Petter Hjørungdal. Vi er heldige som har denne industrien sa han, og fortalde at store utbyggingar var på gang. Orkla, Tind, Ole Ringdal AS er alle gode arbeidsplassar som har signalisert utbygging for meir enn 350 mill. kroner dei nærmaste åra. Også andre arbeidsplassar utvidar så kommunen har behov for nye byggefelt i alle bygdelag, sa Hjørungdal.

Ras og reguleringsplan

Også mange andre saker vart tekne opp under stoppet til sykkelpolitikarane på Hellesylt, viktige saker som rassikring av vegen Eidsdal – Geiranger, kommunesamanslåing der meiningane er delte i Stranda Senterparti, og dei to fekk høyre om rasproblematikken på Hellesylt som gjer at tettstaden ikkje har ein godkjent reguleringsplan.

Heller ikkje i Geiranger er reguleringsplanen vedteken. Dette er ein hemsko for ny utbygging i dei to bygdesentera, vart det sagt. Kristin Sørheim og Marit Krogsæter lytta og tok med seg alle synspunkta vidare med lovnad om å gjere det dei kunne for å finne gode løysingar.

På Hellesylt møtte Sørheim og Krogsæter medlemer frå Stranda Senterparti, frå venstre Geir Frøysa, Petter Hjørungdal og Jostein Dalen.
På Hellesylt møtte Sørheim og Krogsæter medlemer frå Stranda Senterparti, frå venstre Geir Frøysa, Petter Hjørungdal og Jostein Dalen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380