Skulestart 17. august

Ved Sunnylven skule er elevtalet nær uendra i komande skuleår

Ved Sunnylven skule er elevtalet nær uendra i komande skuleår

Skulestart i Stranda kommune for skuleåret 2015/16 er måndag 17. august. Det melder kommunen på si nettside.

Ved Sunnylven skule blir elevtalet om lag som siste skuleår. 11 elevar var ferdig med ti-årig grunnskule i juni, og 10 nye elevar kjem til i fyrste klasse i august.

Ved skulane Sunnylven, Ringstad, Geiranger og Stranda ungdomsskule startar skuledagen kl. 08.30, medan Liabygda skule tek til 08.15.

Skuleskyssen går i hovudsak som tidlegare, men med nokre små endringar, står det å lese på kommunen si nettside.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380