Slo Tyskland i åpningskampen

På bildet er heile det norske mannskapet for damer og herrar som deltek i VM i Colombia.

På bildet er heile det norske mannskapet for damer og herrar som deltek i VM i Colombia.

Dei norske VM-damene i undervannsrugby med Siri Korsbrekke på laget vann 2-1 i åpningskampen mot Tyskland.

Norge møtte Tyskland i fyrste kamp i VM undervannsrugby i natt kl. 01.00 norsk tid. Rapportar frå kampen fortel at det var ein slitekamp med litt «høge skuldrar» der dei norske damene ikkje spela heilt som dei kan. Likevel heldt det til siger mot eitt av favorittlaga i VM i Cali Colombia. Det stod 1-1 ved pause før Norge skåra vinnarmålet sju minutt før slutt.

Norge spelar i gruppe med Tyskland, Danmark og USA. I natt 29 juli kl. 01.00 er det USA som er motstandar. Norge er regjerande verdensmeister i undervannsrugby frå 2011.

Neste kamp

Natt til onsdag 29. juli møtte dei norske damene USA i sin andre kamp. Det vart nedsabling, siger 27 – 0! til Norge.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380