Steinbrua i Norangsdalen

Kvelvingsbrua ved Geilskredvatnet er ingeniørkunst og topp muringsarbeid av gråstein. Dette fortener skilt for «Severdigheit».
Rundt 2010 kom ein diger stein deisande og råka kvelvingsbrua ved Geilskredvatnet i Norangsdalen. Året etter kom eit digert snøras med stein i og knuste alt som var igjen av den over hundre år gamle steinbrua.
Men Vegvesenet gjorde det dei skulle og fekk gjenreist kvelvingsbrua. Røynde karar i pensjonistalder utførte arbeidet med å gjenskape brua slik ho var.
Triveleg arbeid, god medisin
I 2011 møtte vi dei i arbeid i Norangsdalen, Karl Johan Bjørgvik, Kjell Rotmo, Åsmund Kalgard og Svein Kåre Haugan, alle frå Verdal i Nord-Trøndelag og tidlegare vegsluskar. No hadde dei spesialisert seg på restaurering av gamle steinbruer, ein jobb det hadde med seg inn i pensjoniståra. –Du veit, når ein får halde på med noko ein likar, då held ein seg frisk-, sa sjefen Karl Johan Bjørgvik. Jau, dei såg ut til å like arbeidet og dei kunne det dei heldt på med. Den gamle kvelvingsbrua stod oppmura og nyrestaurert ut på hausten 2011.
I dag står kvelvingsbrua der anonym like ved den trafikerte turistvegen gjennom Norangsdalen. Kor mange av dei reisande legg merke til det vi hevdar er eit kunstverk mura av gråstein? Vi finn skilt for «Severdigheit» både ved Urdasætra og ved Lyngstøylvatnet og som avgjort er på sin plass. Kanskje skulle det stått eitt også ved den game kvelvingsbrua ved Geilskredvatnet.
