
Om lag 150 skyttarar deltok på Sunnylven skyttarlag sitt Hytteholstemne 2015.
Tre unge skyttarar, Kristian Frøysadal Hauge, Isak Frøysadal Hauge og Ørjan Frøysadal Hauge var mellom deltakarane frå Sunnylven skyttarlag i Hytteholstemne siste helg i juli. Alle gjorde det skarpt, dei to eldste på 100 meter meisterskap i klasse R. med Kristian på 5. plass og Isak på 7. plass. Vinnar i rekrutt vart Mats Vangen, Stranda. Ørjan var mellom dei beste i aspirant der deltakarane ikkje blir rangert med resultat.
På 200 meter meisterskap klasse 3 – 5 stod Ivar Fivelstad for beste resultat frå arrangørlaget med 7. plass totalt. Trygve Aaland Tryggestad vart nr. 22.
Bjarne Muri, Oslo Østre vann klasse 3 – 5 og sette samstundes ny banerekord i Hyttehola med 349 poeng. Han toppa også lista over deltakarar om Tryggestad Kraft AS sin vandrepremie 2013 – 2017.
Her er resultat for Hytteholstemnet 2015 og samanlagtliste for Tryggestad Kraft AS sin vandrepremie 2013 – 2015: