LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2015

Suksessrike Hellesyltdagar

Komiteleiar Svein Sporstøl kan slappe av med kaffien og i visse om at sukserike Hellesyltdagar er vel i hamn.
Komiteleiar Svein Sporstøl kan slappe av med kaffien og i visse om at suksessrike Hellesyltdagar er vel i hamn.

Årets Hellesyltdagar var av dei beste og mest besøkte nokon gong. Arrangementskomiteen og medarrangørar kan sjå tilbake på det mange meinar er tidenes beste festivalhelg på Hellesylt.

Etter ein grå og kald start på sommaren slo vergudane til med knallver under Hellesyltdagane. Det var som det alltid er når Hellesylt inviterer til folkefest, seier Svein Sporstøl. Komiteleiaren har fått roe ned etter mykje planlegging og hektiske dagar.

Største

-Det vart 20 lange planleggingsmøter på førehand, kanskje så mykje som 100 – 150 timar for komiteen som besto av Ann Kristin Langeland, Eivind Louis Helset, Erik Torset og Per Ove Frøysa, fortel leiaren Svein Sporstøl. Han er ikkje i tvil, det vart tidenes Hellesyltdagar. Tilstrøyming av publikum laurdag var minst 20 prosent større enn i fjor, meiner han ut frå ting han har registrert. Arrangementet i fjor var til då eitt av dei best besøkte. Også søndag var veldig bra og betre enn i fjor, seier han

Beste

-Hellesylt sentrum er intimt og vakkert. Konseptet med handel, underhaldning, folkeliv og det å gå og rusle rundt om utan å betale ein billett verken for parkering av bil eller oppleve underhaldning er spesielt. I år hadde vi mykje godt program å by på med store trekkplaster, og vi hadde leigd inn storskjerm som vart nytta mykje og som var ein suksess. Den kjem nok på plass igjen også til neste år, kanskje enno litt større. Og vi syslar med tanken om å få overført levande bilete frå andre arrangement utanfor sentrum-.

Nøgde

Når vi spør Svein Sporstøl kva han var spesielt fornøgd med blir lista lag. Han ramsar opp fortare enn vi greier å notere. Utekonserten på Ljøen var ny, men ein suksess, programmet frå utescena var godt, boder var det mange av som gav inntekter til festivalkassa, avisa selde meir annonser enn noko år tidlegare, samarbeidet i komiteen var godt med positive idear og topp stemning, medarrangørar i dei mange friviljuge laga fann seg til rette og visste kva dei skulle gjere, og når alt var over på søndag kveld kom ryddegjengen. Pensjonistar og ungdom heiv seg på og før kvelden var omme var alt rydda og blåst. Utruleg bra, slår Svein Sporstøl fast.

Positive

Og sist, men ikkje minst er Sporstøl raus med superlativ til dei andre i arrangementskomiteen. –I år hadde vi også med unge personar som gjorde ein fantastisk jobb. Får vi med nye unge kvart år kan vi gamle snart pensjonere oss-.

Einaste skuffelsen han nemner er tivoliet. Dei kom ikkje med det dei hadde lova, mellom anna ei radiobilbane.

-Det vart på alle måtar positive Hellesyltdagar. Ikkje noko gjekk gale om vi ser bort frå at andeflokken stakk av garde under sleppet, men dei vart nok innhenta.

For ettertida blir det vi i år kalla Hellesyltdagar ei helg av fleire under Sommardagar på Hellesylt. Då håper vi at fleire andre tilstelningar kan friste publikum til eit besøk i bygda, både til turarrangement, dansetilstelningar og anna underhaldning-.

Har sendt søknad

Til slutt røpar Svein Sporstøl ei nyheit. Han har sendt bestilling på go`ver også til neste års Hellesyltdagar. Han får svar det veit han, for i år sende han etterbestilling på godt ver til konserten på Ljøen då yr melde regn. Veret var flott på Ljøen under konserten søndag kveld.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380