Lokalnytt

Til kai utan problem

MSC Splendida ved Hellesylt kai tysdag 14. juli.
MSC Splendida ved Hellesylt kai tysdag 14. juli.

For tredje gong i sommar la cruiseskipet MSC Splendida til ved Hellesylt kai tysdag. I august kjem den 333 meter lange kolossen tilbake.

Tysdag morgon klokka 07.30 vart Stranda kommune sitt innbyggjartal dobla. Då la MSC Splendida til kai på Hellesylt med vel 4.500 passasjerar om bord. Å manøvrere og fortøye det store cruisespipet til kai gjekk utan problem. –Vi kunne heilt sikkert teke mot enno større skip om nødvendig, trudde Bente Bonsaksen. Saman med Ole Hjalmar Bonsaksen, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Roar Folke Ljøen og Frank Bonsaksen gjorde dei jobben på kaia.

Opphaldet på Hellesylt vart kort. Etter at fleire hundre passasjerar hadde gått i land for å ta bussturen om Stryn til Geiranger vart alle trosser løyste igjen. Klokka 08.00 gjekk MSC Splendida frå Hellesylt med kurs for Geiranger.

To gonger til denne sommaren kjem cruisebåtgiganten innom Hellesylt og Geiranger, 9. august og 20. august.

Det er svære dimensjonar både i lengde og høgde over MSC Splendida, eitt av dei aller største cruiseskipa.
Det er svære dimensjonar både i lengde og høgde over MSC Splendida, eitt av dei aller største cruiseskipa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380