Lokalnytt

Til VM i undervannsrugby

Siri Korsbrekke er mellom femten damespelarar på det norske VM-laget i undervannsrugby. Foto: NTNUI nettside)
Siri Korsbrekke er mellom femten damespelarar på det norske VM-laget i undervannsrugby. Foto: NTNUI nettside.

Siri Korsbrekke med sterke slektsband til Hellesylt og Sunnylven er mellom dei 15 på det norske damelandslaget i undervannsrugby og klar for VM i Colombia.

Søndag 26. juli spelar det norske damelandslaget sin fyrste VM-kamp i undervannsrugby i Cali, Colombia. Med på laget er Siri Korsbrekke, busett i Ålesund, men med far og andre slektsband til Hellesylt.

-No har eg akkurat pakka ferdig kofferten, for i morgon tidleg dreg eg og åtte andre herre og damespelarar frå Ålesund til verdsmeisterskapen. Eg kjenner litt at nervane er der, men eg gler meg mykje også, seier Siri Korsbrekke.

Til vanleg spelar ho på NTNUI frå Trondheim og der ho var med og vann VM–tittelen for klubblag i fjor haust. Og i mai i år sikra laget seg NM-tittelen med Siri på laget. Ho meiner eiga form er god, for dette meisterskapet, VM i Colombia har ho hatt i tankane og trena for lenge. No har draumen blitt verkeleg og kven veit, kanskje vender ho og lagveninnene heim med edelt metall i reisebagen. For Norge er rekna som favoritt , også fordi dei vann sist det vart arrangert VM i 2011. Men Siri Korsbrekke nemner fleire sterke motstandarar av dei 13 nasjonane som er med i år, spesielt Sverige, Tyskland og vertsnasjonen Colombia, så lett blir det ikkje.

Både damelaget og herrelaget til Norge reiser i morgon tysdag. Då har dei fire dagar å aklimatisere seg på før fyrste kamp. Tidsmessig ligg Colombia sju timar bak Norge, så både døgnrytme og ikkje minst varmen blir ei forandring, seier Siri Korsbrekke. Og vi ønskjer berre lukke til!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380