Ung storfiskar i Korsbrekkeelva

Saman med besten og jelpar Rune kan Casper kalle seg storfiskar etter å ha landa sin fyrste laks.
Saman med besten og hjelpar Rune kan Casper kalle seg storfiskar etter å ha fått sin fyrste laks. (Foto: Privat)

Måndag 20 juli vart ein historisk dag for unge Casper. Då fiska han sin aller fyrste laks, ein rugg på 6 – 7 kilo.

Casper Tryggestad Røyr er berre 3 år og fire månader gamal og likar å fiske, for det er spanande tykkjer han. Måndag fekk han fyrst to flotte fiskar i Sunnylvsfjorden, men då bestefar Rune hadde fiskedag i Korsbrekkeelva vart han like godt med ein tur også dit etterpå. Der vart Casper den nye storfiskaren i familien.

I Fløtehølen slo ein laks på 6 – 7 kilo til og var fast fisk på kroken, fortel bestefar Rune Tryggestad. Eg måtte sjølvsagt hjelpe litt med å halde stonga medan Casper kjempa og sveiva. Det vart ei fornøyeleg stund, også for fleire rundt som stod og såg på, fortel han.

Laksen kom på land og skal bli til røykalaks

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380