«Bølgen» til Hellesylt 27. august

Kristoffer Joner spelar ei av hovudrollene i katastrofefilmen Bølgen.

Kristoffer Joner spelar ei av hovudrollene i katastrofefilmen Bølgen.

Fiksjonsfilmen Bølgen blir vist på Sunnylven samfunnshus på Hellesylt tordag 27. august. Det stadfestar Norsk Bygdekino.

Katastrofefilmen Bølgen er klar for kinopublikum. Søndag 16. august blir den vist fyrste gong under filmfestivalen i Haugesund, og ti dagar seinare kjem den på kinolerretet både i Stranda og Norddal.

Deler av fiksjonsfilmen Bølgen , der innhaldet skidrar senariet etter eit fjellskred i Storfjorden, er spela inn i Geiranger, og onsdag 26. august blir filmen vist i bankettsalen på Union Hotel. Same dag går den på kinoen på Stranda og i Fjørå i Norddal. På Hellesylt blir den vist dagen etter, torsdag 27. august.

Skodespelar Kristoffer Joner som har ei av hovudrollene i filmen kjem til Geiranger i samband med visninga der for å snakke med ungdom om filminnspelinga og innhaldet.

Ordførar Jan Ove Tryggestad er invitert til visninga under filmfestivalen i Haugesund komande søndag. I ei pressemelding på Stranda kommune si nettside legg ikkje ordføraren skjul på at han har forventningar og er spent på å sjå katastrofefilmen.

-Senariet som blir skildra etter at eit fjellskred er rasa ut i fjorden ved Åkneset har lite med vikelegheit å gjere, men laga for å selje og tene pengar. Men vi forheld oss til fakta og vil gjere alt som står i vår makt for at det skal vere trygt å bu rundt fjorden. Ikkje minst vil vi prioritere arbeidet med moglege avbøtande tiltak, uttalar ordføraren i pressemeldinga.

Den lokale filmpremiera er lagt til same dato som Åkneskonferansen 2015 blir halde i Geiranger. Interessa for denne konferansen har vore overveldande med om lag 160 påmeld, fortel ordførar Jan Ove Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380