Lokalnytt

Dansa ekstra for cruiseturistar

Unge dansarar frå HUL i finstas på cruiseskipen Veendam.
Unge dansarar frå HUL i finstas på cruiseskipen Veendam.

Eldstegruppa i leikarringen frå Hellesylt Ungdomslag imponerte cruiseturistar på turistskipet Veendam. Dei måtte til med fleire ekstranummer.

Tidlegare i sommar var leikarringen i Hellesylt UL om bord i cruiseskip på Hellesylt og dansa til underhaldning for dei reisande om bord. Det var så vellukka at sist fredag var det nytt oppdrag, denne gongen på cruiseskipet Veendam som låg i Geiranger.

Med privatbåt drog tolv dansarar og fem leiarar og musikarar inn Verdsarvfjorden for å presentere norsk folkemusikk og dans. Randi Sæter, Marianne Fivelstad og Ann Kristin Vollsæter var med som leiarar frå Hellesylt Ungdomslag, Helge Kvam Karbø og Kåre Tvinnereim, sistnemde frå Hornindal sytte for det musikalske til dansarane.

-Vi var veldig venta, fortel Randi Sæter. -Ein stor teatersal med galleri var nesten fullsett då vi alle kom i våre bunadar. Vi var filmstjerner for ein liten time om bord på Veendam. Og leikdansen gjekk svært bra. Grunna ferie og Landsskyttarstemne måtte vi henta inn dansarar som i grunn er slutta, men dei hadde ikkje gløymt dansestega. Etter ei lita øving før avreise til Geiranger sat alt som det skulle, så bra at halvtimen vi hadde fått til å danse og underhalde på vart til 45 minutt og mykje applaus frå 600 begeistra cruiseturistar. Det var berre kjempekjekt så vi tek gjerne nye danseoppdrag om vi får spørsmål om det, seier Randi Sæter.

Etter danseoppvisninga fekk alle frå Hellesylt Ungdomslag servert velsmakande pizza så mykje dei orka, og deretter tok Geir Gjørvad alle med på omvising på det flotte cruiseskipet.

(Alle foto: Randi Sæter)

Fleire hundre cruiseturistar venta i teatersalen på dansarane frå Hellesylt Ungdomslag.
Fleire hundre cruiseturistar venta i teatersalen på dansarane frå Hellesylt Ungdomslag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380