LokalnyttLokalsport

Deltok i Skåla opp

Ryste 1Hatlen

To lokale motbakkeklatrarar, Kari-Anne Tryggestad Ryste og Knut Anders Hatlen fekk gode plasseringar og tider i motbakkeløpet Skåla opp 2015.

Det var Joseph J. Gray, USA som vann årets Skåla opp. Han nådde toppen og dei rundt 1800 høgdemetrane på 1.09.01. I dameklassa var Wyatt Antonella Comfortola, Italia sterkast og vann på 1.27.56.

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL deltok også i motbakkeløpet i Loen laurdag. Eit nytt sterkt løp enda med ein flott 5. plass i klasse 45-49 og sluttid 1.55.09. Resultatet heldt til 37. plass uansett klasse mellom damene.

Knut Anders Hatlen, Stranda IL deltek i klasse 35-39 og kom i mål til 8.plass. Sluttida 1.31.54 gav 69. plass totalt i klasse menn.

Det var stor deltaking i årets Skåla opp, mellom 1500 og 2000 medrekna trimklasser. Veret var lettskya med frisk vind, spesielt på toppen.

(Foto: Kari-Anne Tryggestad Ryste og Knut Anders Hatlen, begge frå fotoarkivet)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380