Fem cruisebåtanløp igjen

Det går mot sluyyen av cruisebåtsesongen for i år.
Det går mot slutten på cruisebåtsesongen for i år.

Det går mot slutten på ein lang cruisebåtsesong på Hellesylt. I september kjem dei fem siste båtane.

Tysdag 1. september legg 293 meter lange MSC Orchestra til kai med 3000 passasjerar om bord. Dagen etter er det Caribbean Princess med 3600 passasjerar, og torsdag 3. september kjem Ocean Princess. Båten med 777 passasjerar har ikkje tinga kaiplass.

Torsdag 15. september er MSC Orchestra tilbake for siste gong i år, og onsdag 16. september legg Boudicca til ved Hellesylt kai som siste båt for i år mellom kl. 08.45 og 13.00 med vel 1200 passasjerar.

Totalt har 113 turistbåtar besøkt Hellesylt i år. Neste sesong ligg det an til seks fleire, og det er Boudicca som er fyrst 8. mai. Hellesylt og Geiranger får også cruisebåtbesøk av MSC Musica på 17. mai.

Også i Geiranger går storbåtsesongen mot slutten for i år. Siste båt der er Artania laurdag 19. september.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380