Lokalnytt

Fire turistskip tysdag

Franske Horizon er eitt av fire cruiseskip å sjå på Hellesylt 4. august.
Franske Horizon er eitt av fire cruiseskip å sjå på Hellesylt 4. august.

I morgon tysdag blir det stor cruisetrafikk på fjorden. Då kjem fire turistskip til Hellesylt og Geiranger.

Tysdag 4. august blir ein av dei store cruisedagane på Hellesylt. Heile fire turistskip kjem, to av dei fyrst til Hellesylt. Og om ettermiddagen kjem Nautica og Main Schiff 1 frå Geirange for å ta om bord passasjerar igjen på Hellesylt. Tre av båtane legg til ved Hellesylt kai, medan Main Schiff 1 skal tendre i følgje liste.

Dei fire båtane har til saman 7252 cruiseturistar om bord.

MSC Orchestra, 293 m. 3000 passasjerar, til kai kl. 08.00 til 09.00

Horison, 208 m. 1752 passasjerar, til kai kl. 10.30 – 12.30

Nautica, 180 m. 650 passasjerar, til kai kl. 14.30 – 17.00

Main Schiff 1, 263 m. 1850 passasjerar, tendre kl. 17.30 – 18.30.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380