Flyg med rakett frå Helsetkopen

Jetman

Jetman Dubai har etter søknad frå Baseheimen ved Tom Erik Heimen fått landingsløyve med helikopter på Helsetkopen.

Basehoppar Tom Erik Heimen har hoppa i vingedrakt frå Helsetkopen fleire gonger. Då har tyngdekraft teke han fram og ned. No er han med i eit spanande prosjekt der det blir forska på nye måtar å ta seg fram på, med ein «rakett» på ryggen.

Prosjekt Jetman blir finansiert av staten Dubai og denne veka, truleg fredag 14. august kjem filmteam med topp moderande utstyr og anna personell til Hellesylt for å ta Helsetkopen i nærare augesyn for eventuell filminnspeling til neste år. I det høve er det søkt om løyve til bruk av helikopter for å ta seg til toppen.

På telefon fortel Tom Erik Heimen at det motoriserte utstyret kan få farta opp i rundt 200 km. i timen og kan vere i lufta i ca. 15 minutt. Det kan bli ein rundtur Hellesylt – Stryn om ein vil. –Dette er eit stort og spanande prosjekt. I denne omgang er det synfaring og litt testhopping som står på programmet, og blir det som forventa kjem vi tilbake neste å for å lage film. For å gjennomføre synfaring og testing er vi avhengig av godt ver, men verutsiktene er gode for slutten av veka, seier Tom Erik Heimen.

Sjå film av Jetman i bruk: https://www.youtube.com/watch?v=BaNZzUg5Opg

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380