Foreslår framleis kommunalt eigarskap

Grunnmuren på det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun bular ut og sylvstokken i tømmerveggane har råteskadar.

Grunnmuren på det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun bular ut og sylvstokken i tømmerveggane har råteskadar.

Rådmannen i Stranda går inn for framleis kommunalt eigarskap og tilrår at Stranda kommune ber styre i Stiftinga Hellesylt Bygdetun om å gjere vedtak om oppløysing av stiftinga.

I Hellesylt Bygdetun må grunnmur og råteskadar på gamlehuset utbetrast, men å finansiere kostnaden har til no ikkje fått noko løysing. Kassa er tom og Stiftinga har fått avslag på ein søknad til Kulturminnefondet då Hellesylt Bygdetun er kommunal eigedom. Med andre eigarar er det håp om tilskot på fram mot 300.000.- kroner.

Løysing i fire punkt

Grunna avslag på støtte frå Kulturminnefondet har spørsmålet om å gå vekk frå kommunalt eigarskap blitt aktuelt. Saka kjem opp i kommunestyre i september. Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun har sagt seg viljuge til å stå som eigarar på visse vilkår, men desse går rådmannen i mot i saksutgreiinga. Ein avtale på fast tilskot på nærmare 100.000.- kroner pr. år i 20 år er ikkje forsvarleg å inngå i ei ROBEK kommune, skriv rådmannen og skisserar fire andre punkt til vedtak.

1.Stranda kommune ber styret i Stiftinga Hellesylt Bygdetun om å gjere vedtak om oppløysing av stiftinga.

2.Stranda kommune tek over eigedomen og lagar ein plan for enkelt vedlikehald.

3.Inntektene frå fallrettane skal gå til enkel drift og vedlikehald av Hellesylt Bygdetun. Grunnkapitalen skal byggast opp igjen.

4.Ny vurdering av drift og driftsform av Hellesylt Bygdetun skal gjerast før utgangen av neste kommunestyreperiode.

Stranda kommune fekk Hellesylt Bygdetun i gåve frå tre sysken i 1993, og med gåva fylgde også ein pengesum på 250.000.- kroner.

Større skadar

I ein kommentar til saksutgreiinga skriv styreleiar i Stiftinga Hellesylt Bygdetun, Harald Sørheim at det er viktig å utbedre skadane på det gamle våningshuset og ta vare på eigedomen. Ein kollaps av grunnmuren kan også føre til skadar på det nye stovehuset. Også fylkeskommunen vurderer husmannsplassen til å ha høg verneverdi og tiltak vert tilrådd, skriv styreleiaren i brevet.

Fryktar eit forfall

-Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun har sagt seg viljuge til å overta som ansvarleg eigar på vise vilkår. Venneforeininga har til alle tider vist ekte engasjement og innsats for eigedomen. Skulle saka ende opp med eit vedtak om framleis kommunalt eigarskap, men utan stifting og styre og utan dagleg leiar, fryktar eg at ansvaret for Bygdetunet vil forvitre. Det er for store verdiar i eigedomen til at kommunen kan ta denne sjansen, skriv Sørheim til slutt i brevet.

Saka om eigarskifte i Hellesylt bygdetun kjem opp i kommunestyret 3. september.

Ein kollaps av det gale våningshuset kan også føre til skadar på det nye, skriv styreleiar Harald Sørheim.

Ein kollaps av det gamle våningshuset kan også føre til skadar på det nye, skriv styreleiar Harald Sørheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380