Frå fleire bygder til Flofjellstemne

Søndag vart den årlege gudstenesta på Flofjellet halde mellom kyrkjelydane i Opp-Stryn og Sunnylven. May Lisbeth Hovlid Aurdal frå Sykkylven var liturg.
Om lag 35 personar, dei aller fleste frå Flo og Stryn men også frå fleire andre bygder tok turen til Flofjellstemnet sist søndag. Litt usikre verutsikte tidleg på søndag gjorde at samlingsstaden var ved skihytta i år. Veret førte nok også til at frammøte var mindre enn vanleg, sjølv om det vart rett så fint ut over dagen.
Å halde preika på stemnet går på omgang mellom prestane i dei to kyrkjelydane. I år var det soknepresten i Sunnylven sin tur, men grunna ferieavvikling var May Lisbeth Hovlid Aurdal frå Sykkylven kalla til teneste.
Som jente hadde ho vore på tur til Nedstevatnet ein gong tidlegare, men søndag sykla ho og mannen heilt opp på fjellet, fortel May Lisbeth Hovlid Aurdal.
-Det var ei flott oppleving å kome opp på vakre Flofjellet. Eg sa det i starten på gudstenesta at eg har halde gudsteneste under eit tre i Afrika, i ein garasje i Brasil og elles vore inn i mange av verdens vakre katedralar, men Flofjellet var den vakraste og mest storfelte av alle. Eg hadde med mannen min Jan Kåre Aurdal som klokkar der ei kubjølle gjorde teneste som kyrkjeklokke, og i preika mi tok eg sjølvsagt utgangspunkt i den storslagne og flotte naturen, fortel May Lisbeth Hovlid Aurdal.
I kyrkjelyden på Flofjellstemnet var folk frå fleire bygder, Gjerdsvika, Ørsta, Stranda, Sykkylven, Sunnylven og Stryn.

