Håper på attval av Stranda-ordførar

Det er ein styrke for eit parti å ha dyktige ordførarar ute i kommunane, sa stortingsrepresentant Jenny Klinge (SP). Ho håpa på fornya tillit til Jan Ove Tryggestad.
Stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og medlem av Justiskomiteen, Jenny Klinge kom til Stranda for å møte partikollegar på søndag. Valkampen framfor det komande kommune og fylkestingsvalet er i gong også i Senterpartiet.
På Hellesylt fekk Jenny Klinge orientering om eit hyttefelt som har vore planlagt på garden Åsen, nær Hellesylt sentrum.
At ho valde å besøke Stranda kommune som ein av dei fyrste stadane i heimfylket var av eigen interesse og hadde sine grunnar, sa ho.
Fornya tillit, godt for Stranda
-Kommunen har ordførar frå Senterpartiet, og Jan Ove Tryggestad er ein kjernekar. No har han fire år bak seg der han tok over ei kommune med utruleg store utfordringar. Han har lagt ned eit enormt politisk arbeid gjennom desse fire åra og er i ferd med å nå målet om å gjere Stranda til ei god kommune for alle innbyggarane. Eg håper han får fornya tillit som ordførar etter valet, det vil vere ein stor styrke for Stranda. Om det motsette skulle skje blir eg utruleg skuffa, då trur eg at eg dreg eit svart teppe over meg, sa Jenny Klinge.
Ordførar Jan Ove Tryggestad fekk god attest av ein partikollega og han fekk vist Jenny Klinge heimbygda si i vakkert ver. Sola varma sjeldan bra der dei to og medierådgjevar Karl Kristian Langeland la bak seg turråsa frå Korsbrekke om Åseneset til garden Åsen 180 meter høgare oppe.
Blir tydeleg i saker
Vi spurde ordføraren når han skulle start valkampen for fullt.
-For meg har valkampen vart i fire år. Eg er nøydd til å levere heile tida og blir målt etter det. Eg har heile tida saker som det blir fokusert på, Verdsarv, Bølgen og økonomi. Men i innspurten skal vi bli tydeleg i enkelte saker. Og lokalt er renovering av Sunnylven skule ei sak vi i Stranda Senterparti vil jobbe for å få orden på, sa ordførar Jan Ove Tryggestad som gjentok at overordna alt er det fortsatt økonomisk styring som er viktig i Stranda. Difor var han glad over at samarbeidet med einingsleiarane fungerte svært bra. Dei gjorde ein flott jobb innafor tildelte budsjett, sa han, men la til at det framleis må vere politisk leiing som bestemmer det økonomiske.
Tryggestad nemde også samferdsel som viktige saker, fylkesveg 60 frå Røyrhus bru og sørover, og tunnel frå Engeset i Stranda til Brunstad i Sykkylven.
Vår korte prat med to toppolitikarar måtte ta slutt, for på Villa Norangdal venta middag saman med fleire lokale SP-politikarar og meir politisk valkampplanlegging. Kanskje kom det trauste og stødige på plass der, det som veljarane kan lite på.
