Lokalnytt

Kom seint, kunne mest

Quiz-meistrar, frå venstre Magne Brekke, Rune Hole, Nina Hole, Wenche Høgalmen Ringdal, Hilde Langlo Brekke, Jostein Ringdal.
Quiz-meistrar, frå venstre Magne Brekke, Rune Hole, Nina Hole, Wenche Høgalmen Ringdal, Hilde Langlo Brekke, Jostein Ringdal.

«Litt for seine» vann Quiz-konkurransen på Peer Gynt Galleriet laurdag kveld. I alt ni lag deltok.

Inspirert av innsatsen til sine unge og gode plasseringar i eit motbakkeløpet i Ørsta laurdag stilte fedregenerasjonen på Quiz om kvelden på Peer Gynt Galleriet i håp om å gjere det like skarpt. Litt etter tidsskjema var laget på plass og gav seg sjølve namnet «Litt for seine».

Etter to rundar og til saman tretti spørsmål viste det seg at også støtteapparatet under motbakkeløpet var i form. Dei gamle Quiz-meisterane «Under Kopen» måtte ned frå trona og ta til takke med sølvplass, med «Ferielaget» på tredje plass.

Quiz på Peer Gynt Galleriet var populært. Ni lag deltok med ei lett blanding av unge og eldre deltakarar som ikkje alltid fann svara på spørsmåla Egil Røyrhus og Arild Ringdal kom med. Det blir fleire Quiz-konkurransar ut over hausten, fekk vi opplyst.

Her er resultatlista med laga sine poeng:

1.Alt for seine, 42

2.Under Kopen, 39

3.Ferielaget, 34

4.Die Mannschaft II, 33

5.Stallgata, 30

6.Tre generasjonar, 24

7.Femti – femti, 23

  1. Seks om the Beach, 22

9.Dei som eigentleg vann, 21.5

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380