Konsert for trompet og orgel

MusikararA

Tysdag kveld blir det praktfull musikk med trompet og orgel å høyre i Sunnylven kyrkje. Tyske Alexander Pfeifer og Frank Zimpel vitjar også Hellesylt på si konsertreise i Norge og Sverige.

Etter konsertar i Stockholm og Gøteborg kom dei to til Sunnmøre. Her har dei halde konsertar i Stordal, Stranda, Norddal og Sykkylven. Reisa held fram til Bergen og Karmøy før dei returnerer til Tyskland. Duoen har spela saman i 16 år og har meir enn 800 konserter i mange europeiske land og USA bak seg.

Alexander Pfeifer er fra Leipzig og spela først fiolin i nokre år før han tok trompettimar som tolvåring. Han studerte så trompet hos Mathias Schmutzler ved Hochschule für Musik i Dresden. Han har jobba som trompetist i ulike orkestre i Dresden og omegn og underviser ved kulturskolen i Leipzig.

Frank Zimpel vaks opp i bachbyen Köthen der han fekk si første musikkundervisning. Seinare studerte han kyrkjemusikk og orgel i Leipzig og Wien. I studietiden blei han godt kjent med kantor Carolin Eide i Norddal. I 1996 vart Frank Zimpel prisbelønna finalist i den 10. internasjonale Bach-konkurransen. Han har også undervist ved Hochschule für Kirchenmusik i Halle og jobbar no som kantor i Leipzig.

I Sunnylven kyrkje får vi høre musikk fra gullalderen for trompet og orgel, for eksempel av Joh. Seb. Bach og T. Albinoni. I tillegg kjem det vakker musikk av Felix Mendelssohn Bartholdy, Oskar Lindbergs ”Gammal fäbodpsalm”, George Gershwins ”Summertime” og musikk fra vår eigen tid av Philip Glass. Konserten kan du oppleve i Sunnylven kyrkje tysdag 18. august kl. 20.00
 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380