Landa storlaks i Korsbrekkeelva

Per Brustuen, Lillehammer med laksen som vog 14.0 kilo.

Per Brustuen, Lillehammer med laksen som vog 14.0 kilo. (Foto: Privat)

Det vart ein god times arbeid for Per Brustuen å få storlaksen på land i Korsbrekkeelva laurdag. Laksen var årets største i elva til no der vekta viste 14.0 kilo.

Per Brustuen og fleire fiskeglade kameratar frå Lillehammer er tilbake på laksefiske i Korsbrekkeelva. Fire dagar anna kvar veke jaktar dei på laks i den gode lakseelva. Og laurdag lukkast det verkeleg for Brustuen, då fekk han sin fyrste i år, ein retteleg rugg på 14.0 kilo.

– Eg fiska i Fløtehølen med spinner då storlaksen slo til, men å få den på land vart eit basketak som vara i over ein time. Laksen var stri og håven var for liten til å få den oppi. Men til alt hell såg Bjørn Tryggestad, ein lokal laksefiskar at eg hadde behov for hjelp og kom til med kleppen. Dette er personleg rekord etter ti år i elva, den største eg har fått før var vel 6.0 kilo, fortel Per Brustuen.

Fisket etter laks er snart over for i år, det varer ut august i Korsbrekkeelva. Karane frå Lillehammer er litt lei seg for det, men også litt glade. –Då kan vi få tid til å gjere noko anna, seier dei. Dei fire dagane for denne turen til Hellesylt er over søndag, men 27. august er dei tilbake. Då skal dei prøve aller siste kasta etter storlaksen i Korsbrekkeelva for i år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380