LokalnyttLokalsport

Landsskyttarstemnet Lesja

Trygve Aaland Tryggestad gjorde det godt under årets Landsskyttarstemne. (Foto frå arkivet)
Trygve Aaland Tryggestad gjorde det godt under årets Landsskyttarstemne. (Foto frå arkivet)

Trygve Aaland Tryggestad og Nils Olav Frøysa stod for dei beste resultata frå Sunnylven skyttarlag under årets Landsskyttarstemne.

Trygve Aaland Tryggestad presterte på høgt nivå då han innleia med 29 treff på feltskyting måndag. Og den unge skyttaren frå Sunnylven som også er ein habil skiskyttar følgde like godt på med tolv treff og fullt i finalen. Med 41 treff og berre eitt bak vinnaren sikra han seg feltmedalja frå årets Landsskyttarstemne på Lesja.

Sterk innsats stod også Nils Olav Frøysa for i klasse skogsløp senior B med tredje plass, og totalt 10. plass i klasse senior. På skytinga fekk Frøysa 27 av 30 treff, dei 6. km. løping gjekk unna på 27.32 og med tre minutt tillegg for tre bom vart sluttida 30.32. Nils Olav Frøysa var beste sunnmøring i skogsløp.

Nemnast må også at på bane skaut Rune Tryggestad til personleg bestenotering med 245 på 200 meter. Jamt godt gjorde også Kristian og Isak Frøysadal Hauge det. Kristian fekk mellom anna 10. plass i skogsløp gutar rekrutt.

Totalt deltok åtte skyttarar frå Sunnylven skyttarlag på årets Landsskyttarstemne, mellom dei «ankeret» i laget gjennom mange år, Ivar Fivelstad. I år ville det seg ikkje, fortel han. – Landsskyttarstemnet på Lesja er eitt av mine dårlegaste nokon gong, kanskje var eg litt prega av stunden… Om eg prøver å revansjere meg neste år i Målselv får vi sjå, det er langt å reise dit, seier Ivar Fivelstad.

Nils Olav Frøysa vart beste sunnmøring i skogsløp med 3. plass i si klasse.
Nils Olav Frøysa vart beste sunnmøring i skogsløp med 3. plass i si klasse. (Foto frå arkivet)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380